Skuleklasser

Krokpollen Kystleirskule tek i mot klassar i perioden mai/juni, og august/september.

Leirskulen er bemanna med 1-5 personar, og har kapasitet til omlag 50 personar.

Leirskulen legg vekt på formidling av allsidig båtliv, båtvit og sikkerhet, kystkultur, fisking, og sjøliv som friluftsliv og rekreasjon.

Leirskulen gjev opplevingar og opplæring på eit allsidig båtliv.

Innhald:

  • Segling, Seglturar og opplæring på segljoller.
  • Padling: Kano og kajakk.
  • Roing: Greier du ro-knappen ?
  • Motorbåt: Greier du krokpollen sitt båtførarsertifikat ?
  • Trøbåt: Til fisking og mosjon.
  • Båtvit: Greier du kunnskapstesten ?
  • Fiske med garn, fiskestenger, handsnører (harper), teiner.
  • Livet i fjæra: Krabber, sjøstjerne, småfisk, etc. (biologi).
  • Bading
  • Sangøkt. Krokpollen kystleirskule har obligatorisk sangøkt (skriking).

 

  • «Valfag» 
    • Tube: 4-manns-tube. 
    • Ekskursjon til lakseoppdrettsanlegg (om det høver for Marine Harvest). 
    • Tur til krigsstillingane på Tongane.
    • Ekskursjon til Måløyraid-senteret. Kr. 100 pr. pers. (billett og reise).