Medvinds-fadder ?

Alle treng medvind ! Våre instruktørar er oppkledd av Skogstad Sport as, og tåler dermed både med- og motvind !

Ungdom i medvind / Norsk Kystleir sitt FADDER-LAUG:

  • Skogstad Sport as

Gjennom "Ungdom i medvind" har vi skapt eit godt, stabilt, sterkt og trygt tiltak for barn/ungdom. Vi vert mykje brukt av off. instansar, og har venteliste i høve tilbodet. 

"Medvindsfadder"

Vi ønskjer bedrifter velkomne som fadder til "Ungdom i medvind", slik som Skogstad Sport as.

Ein fadder skal blåse medvind, eller bidra på eit vis, for å få ein god start i oppveksten og i livet. Vi opprettar no eit fadderlaug, beståande av bedrifter eller privatpersonar, som på sin måte, kan auke medvinden i høve ungdomane våre. 

Dette er ikkje tradisjonelle sponsorar, men bidragsytarar, som på sitt vis, bles medvind, direkte eller indirekte, på ungdomane våre. Døme på dette kan vere bedriftsbesøk, pizza-kveld, kino-/konsertbillettar, andre sosiale arenaer, utstyr, klede m.m. 

Målet må vere konstruktivt mtp. styrking av fagleg kompetanse, dugleikar, opplevingar, sosiale happenings, eller bere preg av omsorg.  

Dersom du/dykkar bedrift ynskjer å samarbeide med oss, ta kontakt med Magnus Willumsen på 9971522, eller via mail: kystleir@gmail.com    

 

Marine Harvest...

...har hjelpt oss med anlegg, utstyr, og ei rekke praktiske ting. Dei tek i mot oss på lakseoppdrettsanlegget sitt i Brunsvika for omvisning. Dei stiller på med arbeidsbåt med kran når vi treng det, og hjelper oss med fortøyingsutstyr. Marine Harvest er svært positive og imøtekomande for å legge til rette og hjelpe Norsk Kystleir.  Marine Harvest har gjeve mange deltakarar flotte opplevingar på laksemærene. http://www.marineharvest.com

 

Reedesign AS

Reedesign har laga nettsidene våre

www.reedesign.no