"Ungdom i medvind" er eit unikt tiltak som starta etter oppmoding frå barnevernet i 2010. Over 150 ungdomar har vore med i tiltaket sidan den gong.
For fosterheimar / heimar vert tiltaket reikna som eit avlastningstiltak av barnevernet. For ungdomane som er med, er dette ein MEISTRINGSSKULE. "Ungdom i medvind" er altså ingen oppbevaringsarena, men ein pedagogisk utviklingsarena, der bemanninga er pedagogar.
Gjennomgåande kjerneinnhald:
- Sosialisering
- Meistringsdugleikar og opplevingar
- Tryggleik og stabilitet
- Omsorg og varme
- Humor og livsglede / livsmeistrig
- Haldningsarbeid
Andre tenester/innhald:
- Vi er FLEKSIBLE ved t.d. krise i heim/fosterheim, og stiller som ein BEREDSKAPSHEIM.
- Ved t.d. skule-drop-out lagar vi tilbod med ALTERNATIV SKULE. T.d. kombinasjon skule/praktisk arbeid.
- LEKSEHJELP / Skulestimulering/motivering med leksearbeid, opplesing til prøver, innleveringsarbeid. Vi har mange flinke pedagogar til slik oppfølging.
- LÆREKØYRING. Nokre fosterheimar nektar å "ofre" bilen sin... andre føler seg inkompetente. Dei fleste heimar har no automatgear. Yrkesfag krev ofte sertifikat for manuell gear. Vi har slik oppfølging på Byrkjelo. På eldste gruppe har vi hatt 8-10 køyretimar på ei helg. Føresetnad er traffikalt grunnkurs.
- ETTERVERN er ei skjult bonus-teneste frå oss. Lenge etter at ungdomar har slutta hos oss, har vi kontakt med dei (telefonsamtalar, meldingar, snap-chat m.m.). Dette er ettervern på dugnad, fordi vi sjølvsagt vert glade i ungdomane som er hos oss. Kvart år har vi mange BESØK av tidlegare deltakarar.
- Vi registrerer at det er eit SOSIALT NETTVERK og eit "sikkerhetsnett" mellom deltakarar som er, og har vore, på same gruppe. Dette vert kanskje ein livslang effekt, fordi dei har ei felles plattform med felles opplevingar.
- SAMARBEID med foreldre/fosterforeldre. I mange høver er vi familierådgjevande/støttespelarar/coach.
- SAMARBEID med sakshandsamarar i høve evaluerering, men også i høve bekymring og varsling, om det er naudsynt.
Vi har 3 grupper ...
...med inntil 10 ungdomar i kvar gruppe, etter følgjande grovinndeling:
Gr. 1: 11-13 år. Gr 2: 13-16 år. Gr. 3: 16-20 år
Desse gruppene samlast hos oss 1 helg/mnd, og til ferieopphald (sommarferie, haustferie, vinterferie). Vi har utvida helgatilbod knytt til skulefrie dagar, og er forøvrig fleksible når det er behov.
2 ulike base-campar i heilt ulike miljø, gjev brei meistringskompetanse og eit opplevingsrikt og variert innhald gjennom året.
Vinterhalvåret (november-april) : Krokahagen (Byrkjelo i Gloppen kommune). Sjå bileter under.
Sommarhalvåret (mai-oktober) : Krokpollen kystleirskule (Stad kommune, mellom Bryggja og Måløy). Sjå bileter under.
Alternativ skule:
- Det ikkje alle som finn seg til rette i den ordinære skulen. Ta kontakt med oss dersom det er trong for eit individuelt tilpassa alternativ for perioden haustferie til påske. Vanlegvis er tilbodet på 2 faste dagar i veka, og kan enkelt endrast.